Gjerdefele til USA
Denne veka vart det klart at den eine hardingfela eg har laga, får eit nytt liv på den andre sida av Atlanteren. Det finns eit ganske betydeleg hardingfelemiljø i USA, der Alison Wallace frå Minnesota er ein av mange flinke utøvarar. -Eg har spelt fiolin i Fargo-Moorhead symfoniorkester i mange år seier ho, men i dei siste åra blitt ivrig hardingfelespelar etter å ha delteke på Hardanger fiddle association of America sine mange workshopar. Eg var på jakt etter eit skikkeleg g


Barnehardingfeler snart klare
Eg har dei siste 2 mnd jobba med å få fram 2 hardingfeler i 1/2 og 3/4 størrelse. Her har eg brukt CNC-routeren min til grovarbeidet, men sjølvsagt handarbeid til sluttføring av delene. Felene blir laga på heilt vanleg lest, men er sjølvsagt mindre, og har ein mindre omfattande dekor. No er felene snart klare for lakking, og om nokon veker er dei klare for utprøving. Størrelsane er baserte på meir internasjonale fiolinstandardar, der ein seier at 1/2 str - høveleg for born 7-

