top of page
Barnefeler

Eg leverar hardingfeler til born i 1/2 og 3/4 storleik som er

​

  • Laga av gode materialar

  • Ergonomisk riktig for små nevar

  • Lettspelt med god respons

 

Unge hardingfelespelarar treng eit lettspelt og ergonomisk instrument. Eit flott utsmykka instrument med ekte hardingfeleklang er avgjerande for motivasjonen til unge spelarar, og særs viktig for rekrutteringa til miljøet.

​

Å spele hardingfele er i utgongspunktet teknisk vanskeleg, og det gjer det ikkje lettare dersom instrumentet er vanskeleg å få lyd i.

 

Eg har dei siste åra hatt ein draum om å kunne produsere gode instrument som kan brukast i opplæring av born, og i februar 2020 overleverte eg den fyrste serien barnehardingfeler til kulturskulane i Hardanger og Voss. Biletet på sida her er eit eksempel på eit av desse instrumenta. Gjerde Felemakeri har no levert over 20 barnehardingfeler, og har dermed god erfaring med produksjon av slike instrument.

​

Hardingfeler i denne kategorien blir laga på samme vis som store feler, men har ikkje samme grad av utsmykking for å halde prisen nede.

​

Eg er oppteken av ergonomi, og har saman med kulturskulelærarar og spelemenn gjort enkelte grep som gjer instrumenta meir samarbeidsvillige for dei minste.

​

​Felene leverast med kasse og boge.

 

​

Ta gjerne kontakt for ein uforpliktande samtale.

​

​

20200202_Hardingfele_studio_Gjerdefela__
Fotograf: Arne Fykse
83085462_465202717498926_921774998908882
Barnefeler levert februar 2020
Telefon

+47 97182835

E-post
Opningstider

Heile døgnet

© 2018 by felemakarfrue

bottom of page