Fleire innslag på NRK
Før jul hadde eg besøk i verkstaden av Tale Hauso frå NRK. Ho har laga reportasjar både for nett og radio og TV. Radioreportasjen kan du høyre her: https://radio.nrk.no/serie/distriktsprogram-hordaland/DKHO01026018/28-12-2018#t=1h29m22.64s og nettartikkelen kan du lesa her: https://www.nrk.no/hordaland/felemakaren-har-tatt-i-bruk-topp-moderne-teknologi-i-handverket-1.14355434 Og ikveld skulle det eigentleg kome eit innslag på Vestlandsrevyen på NRK1 kl 1850, men dette kjem f

Felemakarens jul - den 6.desember
Sist torsdag arrangerte Gjerde Felemakeri i samarbeid med lokale eldsjeler og ikkje minst andre musikarar i bygda, konserten - Felemakarens jul, her i verkstaden. Dette var andre året me arrangerar dette, og oppslutninga frå bygda var enormt bra! Over 120 personar kom innom iløpet av 2 konsertar. Både profesjonelle aktørar samt både spelemannslag og elevar frå kulturskulen bidrog og me fekk alle ei fin førjulsstund i felemakeriet! Overskotet frå konserten - ca 7000 kr vert o


Hardingfele til Orkenøyane
I helga fekk Gjerde Felemakeri levera hardingfele til eit litt spesielt formål. Ei av dei store hardingfelene som har vore for sal vart gitt som ei gåve frå Hordaland Fylkeskommune til Orkney Norway Friendship association som i år hadde 40-års jubileum. Orkenøyane har eit ganske rikt og stort folkemusikkmiljø, der vanleg fele er det mest utbredte instrumentet. Fela skal vera eit instrument som unge folkemusikarar på Øyane kan nytta for å studera også Hardingfelespel. Det er k

