top of page
Om meg

Foto: Katrine H. Van Tulder

IMG_1830.JPG
IMG_1825.JPG
IMG_1826.JPG

Ole Gjerde (f. 1976)

​

Eg har utdanninga mi i Tradisjonsmusikk og Hardingfelemakeri frå Ole Bull Akademiet på Voss, der eg har gått i lære hjå Sigvald Rørlien.

​

Før dette har eg ei relativt variert bakrunn med design og produktutvikling, både frå landbruket, båt og oljebransjen. Eg har og drive med kulturarbeid som frivilligkoordinator i Jondal, og hatt mange elevar gjennom kulturskulane i Hardanger.

​

Eg har lang røynsle som spelemann, og beherskar fleire instrument. Eg har tidlegare vore ein av dei betre toradarspelarane i landet, og er fortsatt aktiv musikar, både i spelemannslag og i forskjellige konstellasjonar.

​

Er elles busett på Omastrand i Strandebarm med familie på 3.

Lokale og verkty

Verkstaden er lokalisert i Strandebarm i Kvam Herad i Hardanger.

Lokalet er i sløydsalen til gamle Strandebarm ungdomsskule, som ligg like over vegen for butikken på Tangerås.


Verkstaden inneheld det meste ein treng av maskiner til ein god treverkstad, som maskinhøvel,  bandsag, og diverse småmaskiner.


Verksemda gjekk hausten 2017 til innkjøp av ein 3-aksa CNC-fres frå CNCrouterparts i USA. Maskina kom i deler, og eg har sett ho saman sjølv, med god hjelp frå kyndige pensjonerte mekanikarar. Maskina er kraftig, rask og nøyaktig og kan ta dei fleste mjuke materialar, opp til og med aluminium. Maskina er etter ei lita oppgradering no 4-aksa, der eg kan maskinere eit roterande emne.

​

Eg har elles lisens på Solid Works 3d-design program, og brukar dette saman med CAM-programmet Fusion 360 for å både designe ting eg vil laga og til å laga kodane som CNC-maskina les.

Bygda Strandebarm

Strandebarm ligg knappe 3 mil sørvest for kommunesenteret Norheimsund i Kvam Herad. Strandebarm var fram til 1968 eigen kommune, og er eigentleg meir eit navn på eit område som omfattar Mundheim, Omastrand, Tangerås, Fosse og Innstranda.

 

Verkstaden ligg på Tangerås som er den mest sentrale staden i Strandebarm.
Tradisjonelt har båtbyggjing og landbruk vore det som Strandebarm er mest kjent for. I dag er det framleis det, samt turisme og lakseoppdrett som er dei viktigaste næringane.

Strekninga frå Mundheim til Innstranda er kjend for å vera ei av dei vakraste strekningane ein kan køyra med bil her til lands.


Strandebarm har eit veldig aktivt idrettsliv, samt stor aktivitet på kulturfeltet. Bygdene er prega av dugnadsvilje med mange frivillige bidragsytarar. Denne kulturen vart hylla gjennom "Strandebarmsserien"- ein serie på 17 barnefeler, kvar og ei oppkalla etter ulike menneske i Strandebarm som på sitt vis har gjort bygda til ein litt betre stad å bu. 

​

Eg ynskjer at Gjerde Felemakeri skal kunne vera noko også for bygda og har gjort fleire grep for å bidra til kulturlivet i området. Kvemmingen spel- og dansarlag har mange av øvingane sine i verkstaden og har i samarbeid med Gjerde Felemakeri skipa til konsertar gjennom prosjektet "Felemakarscenen". Fleire av desse konsertane har også vore i verkstaden, med overveldande oppmøte og god atmosfære.

​

​

bottom of page