top of page

Gjerdefele til USA

Denne veka vart det klart at den eine hardingfela eg har laga, får eit nytt liv på den andre sida av Atlanteren.

Det finns eit ganske betydeleg hardingfelemiljø i USA, der Alison Wallace frå Minnesota er ein av mange flinke utøvarar.

-Eg har spelt fiolin i Fargo-Moorhead symfoniorkester i mange år seier ho, men i dei siste åra blitt ivrig hardingfelespelar etter å ha delteke på Hardanger fiddle association of America sine mange workshopar.

Eg var på jakt etter eit skikkeleg godt instrument, med kraftig klang og masse overtonar. Etter å ha prøvd 3 av felene frå Gjerde Felemakeri, som alle hadde sin unike og gode klang, landa eg på min personlege favoritt.

Eg ser enormt fram til å lære nye slåttar og teknikkar framover, for denne fela gjer virkelig alt eg ber ho om! Ho er utruleg lettspelt, og ein kan uttrykke seg på ein annan måte enn før.

Fela er laga med inspirasjon etter ein gamal Guarnieri-fiolin, (Teja Ferni, 1735) men på hardingfelevis, og med eigenkomponert dekor og rosing.

Eg ynskjer både instrumentet og Alison lykke til framover, og håpar dei begge tek turen til Hardanger ein gong slik at eg får sjå korleis det går!


Utvalgt innlegg
Siste innlegg
Arkiv
Søk etter tags
Ingen tagger enda.
Følg oss
  • Facebook Basic Square
  • Twitter Basic Square
  • Google+ Basic Square
bottom of page