top of page

Storfint besøk frå Japan

Idag fekk eg fint besøk frå Japan i verkstaden. Rio Yamase frå Tokyo er Hardingfelespelar og fiolinist og entuastisk tilhengjar av norsk tradisjonsmusikk. No skriv ho bok om Norge. Ho er på ei rundreise og intervjuar spesielle folk knytta til både tradisjonell norsk kultur og samfunnsliv generelt. Kristin Clemet og Jostein Gaarder er nokon av dei ho intervjuar til boka.

Idag var det min tur, og ho hadde med seg eigen tolk som kunne oversetja både spørsmål og svar.

Ho kunne fortelja om ei veksande interesse for hardingfela i Japan, og også behov for gode instrument!


Utvalgt innlegg
Siste innlegg
Arkiv
Søk etter tags
Ingen tagger enda.
Følg oss
  • Facebook Basic Square
  • Twitter Basic Square
  • Google+ Basic Square
bottom of page