Barnehardingfeler inn i ein spanande fase!
Det siste året har eg jobba med ein stor leveranse av 3/4 feler til alle kulturskulane i Hardanger og Voss, samt Fusa. Undervegs har det kome inn bestillingar frå Sigdal Spelemannslag, slik at det no er bestillingar på totalt 19 feler. No er alle delane produsert til desse instrumenta, såvel som gripebrett/strengehaldar. Difor går dette prosjektet inn i ein særs spanande fase, der felene skal få ein god dose handtverksmessig touch. Platene (lok og botn) skal få akkurat passe

