top of page

Nye lokaler på Tangerås og full produksjon av sargar


Etter at me vart einige om å avslutta leigeforholdet i den gamle Tuftaverkstaden på Tangerås, er eg no inne i nye lokaler i den gamle sløydsalen på gamle Strandebarm Ungdomsskule

Eg er veldig takksam for den starthjelpa det var, å kunne bruka den gamle Tuftaverkstaden, men no er felemakeriet på ein måte inn i ein ny epoke, der det er viktig med litt meir eigna lokalitetar.

Her er romsleg, triveleg og særs eigna til å driva med felemaking. Og ikkje minst lett å halda høvelege temparatur og luftfuktighet.

For tida er det fullt fokus på å laga barnehardingfeler, ettersom eg har bestilling på i alt 17 feler som skal til forskjellige kulturskular i Hardanger og Voss.

Eg lagar og litt ekstra og satsar på det er interesse for dette.

Det ein ofte byrjar med når ein lagar fele, er å laga sarg. Eg har utvikla min eigen patent på dette, og brukar CNC-fresen aktivt for å lage forskjellige verktøy for å lime saman dette.

Sargane lagast på heilt vanleg vis, men når ein skal laga så mange, er ein litt avhengig av at det går raskt og rasjonelt.

Elles er det mykje som rører seg av oppdrag både av reparasjonar og oppdrag som ikkje er felerelaterte

Uansett er du velkommen innom for ein visitt! :-)


Utvalgt innlegg
Siste innlegg
Arkiv
Søk etter tags
Ingen tagger enda.
Følg oss
  • Facebook Basic Square
  • Twitter Basic Square
  • Google+ Basic Square
bottom of page