top of page
Historia og hardingfelekulturen

Hardingfela slik me kjenner den i dag, har ein ubroten historie og tradisjon heilt tilbake til i alle fall 1600-talet. Det eldste instrumentet me veit om er Jåstadfela, laga av Ola Johnsen Jaastad i 1651. Denne står utstilt på Bergen Museum. Det finns og feleskrin datert til 1500-talet som ein kan fastslå ganske sikkert har vore til instrument som liknar på denne. Det er og nedteikningar av slåttar frå denne tidsepoken som er vanlege å bruka i dag. Difor tyder mykje på at me har ein om lag 500 år gamal fele og spel-tradisjon.

 

Hardingfela har gått gjennom nokon epokar som både har forandra ho, og som har gjort at ho har fått større utbreiing. Kanskje den viktigaste epoken er åra frå byrjinga av 1700-talet og fram til om lag 1770. Dette er og særs viktig for oss her i Kvam. Isak Nilsen Skaar, og sonen Trond Isaksen Flatebø, fornya hardingfela, og hadde ein enorm produksjon av instrument. Estimatet er om lag 1000-1500 instrument i løpet av denne perioden. Det er grunn til å tru at desse to har mykje av æra for utbreiinga til hardingfela i dag. Papira etter dødsboet til Trond viser at han vart ein dei rikaste personane på vestlandet når han døydde. Det er difor grunn til å tru at både han og faren både evna å laga gode instrument, og å gjera god forretning ut av feleproduksjon.

 

Så skjer det mindre ting dei neste 100 åra før Helland-slekta i Telemark dukkar opp i historia. Frå 1820, og fram 1970 finns det ei samanhengande rekke av hardingfelemakarar frå Helland og Steintjønndalsslekta. Den kanskje mest definerande av desse er Erik Johnsen Helland som om lag rundt 1860 utviklar og lagar ein hardingfelemodell som er slik me kjenner han i dag. Dette inneber at han er relativt lik fiolinen i ytre mål.

​

Dei siste 100 åra har det kanskje ikkje skjedd veldig store forandringar på hardingfelekonstruksjonen, men det har vore gode felemakarar, både innanfor Helland/Steintjønndalsslekta og andre, som har hatt veldig god og stor produksjon, og som dermed har perfeksjonert bygginga av hardingfela.. Her kan nemnast Gunnar Martin Røstad, Olav K Venås, Torleiv Frøysaa, og i dei seinare 50 år: Håvard Kvanndal, Anders Aasen i Eidfjord, og ikkje minst han som gjekk i lære hjå han, Sigvald Rørlien frå Voss.

 

Hardingfela som instrument har hatt ein vekslande popularitet heile tida, i takt med både samfunnsendringar og trendar. I dag har fela sin plass i både tradisjonelt slåttespel, samspel ,og i moderne musikk. Ein delar ofte landet inn i anten hardingfele- eller flatfeledistrikt. Grovt sagt kan ein sei at Rogaland, Vestland, deler av Møre og Romsdal, samt Hallingdal , Valdres, Telemark og Setesdal, blir kalla eit Hardingfeleområde, der Hardingfela er det rådande instrumentet for slåttespel.

​

Sidan 1896 når Vestmannalaget arrangerte den fyrste Landskappleiken i Bergen, har kappleikar både i nasjonal og regional/lokal samanheng, vore ein sentral del av hardingfelekulturen. Her møtast folk for å både høyra og konkurrera, eller berre for å treffast til sosialt lag.

Det er ein veldig styrke for folkemusikken at ein har miljø som er større enn berre det lokale, og at ein kan få nettverk og vener i eit stort miljø.

​

Det er ein kultur for såkalla meister-elev læring på hardingfele. Det er og ein kultur for å formidla vidare lokalkunnskapen og historiane rundt slåttane og spelemennene dei er etter. Det har også høg verdi med lokale variasjonar og variantar. Det vert i større grad dyrka fram mangfald innanfor folkemusikken enn det gjer i andre sjangrar.

 

Når det gjeld bruken av hardingfela er slåttespelet, som gangar springar, det som er mest rotfesta og nytta dei siste 500 åra. Dette er nok det mest vanlege også i dag. Men dei siste 100 åra har også hardingfela vore brukt mykje i samspel gjennom den meir moderne runddansen. I dag blir gledelig nok også hardingfela brukt allsidig gjennom både nykomponert musikk og i andre sjangrar enn berre folkemusikk. Det viser at instrumentet står seg sjølv om dei ytre rammene forandrar seg litt.

 

Når det gjeld utbreiinga til instrumentet har dette sjølvsagt vore prega av litt tilfeldigheiter, handelsvegar og etablerte kulturar. Noko som og har satt sitt preg på utbreiinga er måten kyrkja har sett på hardingfela og folkemusikken. Det er grunn til å tru at intenst hardingfelespel har vore ein slags andeleg konkurrent til religionen og vekkelsestida i Noreg på spesielt 1800 og tidleg 1900-talet. Heilt opp til 1958 har kyrkja nekta plass i Kyrkjerommet for hardingfela. Omgrepet «Fandens instrument» er kanskje i dag meir eit bilete på korleis historia har vore, og Hardingfela blir i dag brukt hyppig også i kyrkja!

 

Felemakartradisjonen har vore mykje diskutert dei siste åra. Tidlegare har det vore ein større skog av felemakarar, og kanskje spesielt hobbybasis-felemakarar. Per i dag er det ikkje meir enn ein 3-4 aktive felemakarar i landet som driv med faget på fulltid. Berre eit par av desse driv som sjølvstendig næringsdrivande. Blant framståande felemakarar i dag kan nemnast Ottar Kåsa, Bård Riise Hoel, Knut Oppheimsbakken, Harald Kvanndal, Leif Salve Håkedal, Sigvald Rørlien, Wiebke Lueders og Ole Gjerde.

 

I dag opplever me også ei større internasjonal interesse for instrumentet. I USA har det sjølvsagt allereie vore eit etablert miljø i det Norsk-Amerikanske miljøet, men også i meir uavhengige miljø opplever me interesse for både instrument og å lære å spela det.

Også i Japan har det oppstått eit miljø samt at bruken av hardingfela verkar å bli større også i Europa og i Norden.

Alexander Røynstrand på kappleik.

Foto: Knut Utler

bottom of page