top of page

Barnehardingfeler snart klare

Eg har dei siste 2 mnd jobba med å få fram 2 hardingfeler i 1/2 og 3/4 størrelse. Her har eg brukt CNC-routeren min til grovarbeidet, men sjølvsagt handarbeid til sluttføring av delene.

Felene blir laga på heilt vanleg lest, men er sjølvsagt mindre, og har ein mindre omfattande dekor. No er felene snart klare for lakking, og om nokon veker er dei klare for utprøving.

Størrelsane er baserte på meir internasjonale fiolinstandardar, der ein seier at

1/2 str - høveleg for born 7-9 år

3/4 str - høveleg for born 9-13 år

Eg har ein von om å byggja eindel slike instrument i vinter, så gje gjerne ein lyd, om det skulle vera aktuelt for deg, eller spelemannslaget ditt, eller ein kulturskule nær deg :-)

Prisen på desse instrumenta vil avhenge litt av graden av dekor, og av kor mange eg får lage i slengen.


Utvalgt innlegg
Siste innlegg
Arkiv
Søk etter tags
Ingen tagger enda.
Følg oss
  • Facebook Basic Square
  • Twitter Basic Square
  • Google+ Basic Square
bottom of page