top of page

Travelt, og stor interesse for hardingfeler (og litt nerding)

Etter eit litt traurig koronaår, med litt labert trøkk på nye instrument, har det teke seg opp, og det er stadig spørsmål om å laga hardingfeler til rekkrutteringsformål. Også frå andre delar av verda er det også stadig spørsmål om å få laga hardingfeler. Det kan tyde på at 2021 kan bli eit hektisk år med bra produksjon av nye instrument.


Akkurat no lagar eg 2 av i alt 4 hardingfeler for Bø Juniorspelemannslag, som er klare for å bli rosa på. På ei kvar ny fele prøver ein jo å strekke seg litt lenger og gjere ting enda betre, men på desse instrumenta, og sjølvsagt dei som kjem framover, har eg prøvd ein litt ny vri på designet av felekroppen.


Kjedelinjeteorien





Kjedelinjeteorien, eller Catenary arching på engelsk, er den kurva ein får, dersom ein held t.d. ein kjetting i begge endar. Då får ein ein spesiell bue som gjev ein heilt optimal styrke (om ein snur kjettingen opp-ned). Ein tilstrebar ofte eit optimalt forhold mellom vekt og styrke på ei hardingfele eller ein fiolin.

For å få dette implementert i designet av lokk og botn, har eg fått litt hjelp av ein matematikar frå Sørfjorden. (Kanskje betre kjend som Frukt og Siderbonde Olav Bleie) som foreslo ein eigen excel-kalkulator, slik at eg kunne digitalt forme kvelvingane på lokk og botn

Det er ting som tyder på at akkurat denne kvelvinga har vore mykje nytta i gamle meisterfiolinar på 1700-talet. Det er og elles anvendt i arkitekturen, og på store konstruksjonar (som St. Louis Gateway arch på biletet)


No er iallefall felene bygd etter denne lesten og treng berre litt estetisk omsorg og lakk før me får svaret på om dette fører fram. Iallefall kjennes platene heilt annleis ut når eg har arbeida med å få dei ferdige, og forhåpentlig får nokon unge hardingfelespelarar i Telemark nyte godt av denne nerdinga! :-)









Utvalgt innlegg
Siste innlegg
Arkiv
Søk etter tags
Ingen tagger enda.
Følg oss
  • Facebook Basic Square
  • Twitter Basic Square
  • Google+ Basic Square
bottom of page