top of page
Hardingfeler

Ei hardingfele er eit dyrt og eksklusivt instrument, og eg strekkjer meg så langt eg kan for at kunden skal få akkurat det han/ho drøymer om. Eit godt instrument er riktig ergonomisk, har ein kraftig og behageleg klang og ser bra og gjennomført ut.

 

Eg lagar hardingfeler i forskjellige prisklassar. Prisforskjellane ligg i kor mykje utsmykka fela skal vera. Eg lagar feler både for bestilling og ferdige feler som kundane mine kan prøve før dei bestemmer seg. Dersom du bestiller ei hardingfele hos meg får du moglegheita til å følgje heile prosessen og vera med å påverke val som skal tas, slik at du får ei fele som passar akkurat deg.

 

Eg er veldig lidenskapeleg i forhold til å stadig forbetre detaljar ved instrumentet og jobbar heile tida veldig målretta med å gjera ting enda betre. Eg har som filosofi å henta kunnskap frå mange miljø, som det internasjonale fiolinmakarmiljøet, tradisjonelle felemakarar, ingeniørar, designarar fysikarar osv.

 

Ta gjerne kontakt for ein uforpliktande prat.

Nr 4 forfra.jpg
bottom of page