top of page

Konsert og open verkstad tirsdag

Imorgon tirsdag startar konseptet Felemakarscenen opp.

Felemakarscenen er ei serie konsertar i Kvam med vekt på Strandebarm i året som kjem.

I morgon er det duoen Djønne Børsheim som skal ha konsert for oss.

Djønne&Børsheim er ein duo som består av folkemusikarane Rannveig Djønne på toradar og Annlaug Børsheim på hardingfele, gitar og song. Båe kjem frå Hardanger. Duoen har spelt og komponert musikk saman i ti år og har turnert ulike stader i Europa og Noreg. I 2012 gav dei ut plata ”Toras Dans – Populærmusikk frå Hardanger”. Repertoaret deira er i hovudsak eigen musikk og tekst tufta på tradisjonsmusikk frå Hardanger. Noko av det kjekkaste Djønne&Børsheim veit er å spela konsertar for born. Dei har vore innom dei fleste skular i Hordaland og Rogaland på skuleturné og har lært bort songar og skrøner til tusenvis av ivrige elevar. Men konserten deira kom aldri til skulane i Kvam. Difor gler Djønne&Børsheim seg ekstra til å spela og syngja i Strandebarm. 

Før konserten er det open verkstad frå 1700 der ein kan få omvisning og høyre litt om korleis ei hardingfele blir til

Velkommen på konsert!


Utvalgt innlegg
Siste innlegg
Arkiv
Søk etter tags
Ingen tagger enda.
Følg oss
  • Facebook Basic Square
  • Twitter Basic Square
  • Google+ Basic Square
bottom of page