top of page
3D-fresing

Verkstaden har eigen CNC-router. Denne er 4-aksa og har eit arbeidsområde på 1200x1200x200 mm. Maskina har god kapasitet og nøyaktighet, og verkstaden har og tilstrekkeleg med software og kunnskap til å laga nærmast kva som helst med denne.

​

Det finns nok ein del CNC-routerar i sving, men det er ein ganske stor skilnad på å til dømes gravere ein logo og det å lage komplekse dobbeltkrumma modellar som gjerne er frest frå forskjellige sider.

​

Dersom du vil ha lagd deg ei prototype av eit nytt design kan eg hjelpa deg både med den avsluttande modelleringa og med å skape den fysiske prototypen i det materialet du vil ha.

​

CNC-fresen kan ta alle mjuke material, og opp til og med nokon aluminiumslegeringar.

​

Eg har godt nettverk og kan formidla maskinering og samanstilling andre stader dersom mi maskin ikkje skulle dekka behovet (t.d. størrelse på produkt). Eg kan også skaffa eigna materialar til din prototyp, dersom dette trengs.

​

Fat produsert i samarbeid med Per Finne. Foto: Per Finne

bottom of page