Reportasje i Magasinet Heima
Katrine Van Tulder har laga reportasje om meg og Felemakeriet mitt i Magasinet Heima, som kjem i alle husstandar i Hardanger. Dersom du ikkje har fått magasinet i posten, kan du lesa reportasjen på side 40 http://www.heimamagasin.no/HEIMA_nr%201_2018.pdf

Rosing/teikning i verkstaden
Eg held på med 3 nye hardingfeler som er i sluttfasen. Desse har no blitt rosa (teikna på), og skal lakkerast over helga. Rosing er konsentrasjonskrevjande arbeid, og utfordrande for ein som hverken har fin handskrift eller mykje teikneerfaring. Eg teiknar på felene med vannbasert tusj, og har leita litt etter motiv og mønster på gamle feler og bøker. I februar besøkte eg Ottar Kåsa som gav meg veldig mykje gode tips og idear til korleis ein kan løyse dette. Resultatet har bl


Gründerstipend frå Sparebanken Vest
Eg var idag på Innovasjonskonferansen på Voss for å halde foredrag om Teknologi og handtverk. Noko overaskande vart eg overrekt gründerstipend frå Sparebanken Vest. -Verksemda er prega av at han har ei voldsom interesse for faget han driv med, og ein enorm drive som gjev oss god tru på at dette kan lukkast, sa Regionssjef i Sparebanken Vest Asgeir Løno. Kjekt å bli sett så stor pris på, og sjølvsagt uvurderleg hjelp i forhold til alt utviklingsarbeid som må gjerast framover!


Ny heimeside
Her er endeleg mi nye heimeside oppe og går! Her kan du lesa og sjå litt om meg og verksemda mi. Eg har forsøkt å skrive litt om kva eg tilbyr, og korleis eg byggjer hardingfeler.
Her blir det forhåpentleg litt oppdateringar av og til. Nyhende frå feleverkstaden vert også delt på facebooksida mi.' Eg håpar og at om du er interessert i noko av det eg driv med, tek kontakt med meg! Om du les, og finn noko som du tykkjer er ramlande gale, må du sjølvsagt gje meg ein lyd om det.

