top of page

Nytt felesalg

Igår gjekk nok ei hardingfele ut dørene på Gjerde Felemakeri.

Henrik Nordtun Gjertsen, som til dagleg studerar på folkemusikklinja på Norges Musikkhøgskole, var på jakt etter nytt instrument, og etter å ha hatt denne fela på prøve nokon veker, var han ikkje lenger i tvil.

-Eg likar den mørke klangen i fela, og den særs reine klare tonen ho gjev, seier han.

Fela er laga på ein modell og med inspirasjon i ei fele som Olav G Helland laga på 1940-talet.

Me ynskjer Henrik lykke til med det nye instrumentet sitt! Familien har hus i Strandebarm, så det er nok ikkje utenkjeleg at fela kjem innom av og til for ein justering.

Det er særs stas å få levera instrument som held mål også til musikarar på dette nivået

Tidlegare i haust vart begge prototypane til Barnehardingfelene selde til Bergen Kulturskule, så det har no gått ut totalt 5 hardingfeler frå verkstaden på Tangerås.

Det er meir godt nytt å fortelja om både feler i bestilling og feler på veg ut døra. Det kjem i ein post seinare i veka!


Utvalgt innlegg
Siste innlegg
Arkiv
Søk etter tags
Ingen tagger enda.
Følg oss
  • Facebook Basic Square
  • Twitter Basic Square
  • Google+ Basic Square
bottom of page