top of page

Hardingfeler for sal!

Eg har 2 store hardingfeler for salg. Begge er veldig gode, men har litt forskjellig karakteristikk og eigenskapar

Fele nr 1

Dette instrumentet er laga på ei Olav G Helland-lest, med lange lydhol og med hans ytre form og kvelvingar. Fela er laga med assistanse frå Sigvald Rørlien på Ole Bull Akademiet.

Utsmykkinga er laga utfrå eigne idear med inspirasjon av 8-bladrose og element frå dei gamle felene frå Botnen. Instrumentet har ein kraftig og god tone, med ein relativt mørk klangfarge. Fela er også lettspelt, rask og riktig i grepet. Fela har botn av Bosnisk lønn og lok av naturleg Vossagran. Instrumentet blir omtala av gode spelemenn som eit særs godt kjøp for den relativt overkommelege prisen

Pris 52 000,-

Her kan du høyra Alexander Aga Røynstrand spela slåtten Sørfjørden på denne fela

Annonse på finn.no:

Fele nr 2

Denne fela er laga med inspirasjon frå ein gamal Guearnieri fiolin frå 1735, men er eit relativt stort instrument (kroppslengde på 36 cm) Fela har ganske store holkilar i botn og lok, noko som gjev ein rask og fin respons. Lydhola er laga med utgongspunkt i Gunnar Røstad sine arbeid.

Instrumentet er laga med assistanse frå Sigvald Rørlien på Ole Bull Akademiet. Utsmykkinga er relativt tradisjonell og har roser frå Røstad sine arbeid, og tradisjonelle roser i brett og haldar

Instrumentet har ein kraftig og god tone, med ein middels lys klangfarge. Fela er også særs lettspelt, rask og riktig i grepet. Fela har botn av Bosnisk lønn og lok av naturleg Vossagran.

Instrumentet blir omtala av gode spelemenn som eit særs godt kjøp for den relativt overkommelege prisen.

Pris 48 000,-

Her kan du høyre Alexander Aga Røynstrand spela slåtten Sørfjorden også på denne fela!

Ta gjerne kontakt om du kan tenkje deg å prøve dei, eller ha ei av dei på lån! Og ta gjerne kontakt om du lurer på noko angåande felene


Utvalgt innlegg
Siste innlegg
Arkiv
Søk etter tags
Ingen tagger enda.
Følg oss
  • Facebook Basic Square
  • Twitter Basic Square
  • Google+ Basic Square
bottom of page