top of page

Hardingfeler for små hender

Eg har arbeida hardt med å få fram eit konsept der eg kan laga hardingfeler for born til ein overkommeleg pris. Dette ser ut til å vera eit behov for både kulturskular og spelemannslag, ettersom få andre, etter det eg veit, lagar slike.

Eg har laga ei fele i 3/4 storleik, og ei i 1/2 storleik som prototypar, der eg har prøvd å finne ut av korleis eg kan laga dei rasjonelt utan at det skal gå ut over kvaliteten. Dekoren er noko begrensa, men det er viktig med litt, slik at borna som skal spela på dei, får kjensla av at dei tek i ei skikkeleg hardingfele.

Eg håpar no å kunne ta imot bestillingar på desse, slik at eg kan laga ein serie på desse

Prisen vil liggje på omlag 25-35 000 avhengig av kor dekorerte ein ynskjer felene skal vera.

Ta gjerne kontakt for ein feleprat!


Utvalgt innlegg
Siste innlegg
Arkiv
Søk etter tags
Ingen tagger enda.
Følg oss
  • Facebook Basic Square
  • Twitter Basic Square
  • Google+ Basic Square
bottom of page