Barnehardingfeler mot sluttføring

Eg har i heile 2019 jobba med å lage 3/4 og 1/2 feler til alle kulturskulane i Hardanger og Voss, samt Fusa.

I alt 17 feler blir i desse dagar ferdigstilte og skal leverast før jul.

I tillegg skal det ferdigstillast 2 til som skal til Sigdal spelemannslag over jul, som det berre er laga deler til.

Det har vore og er eit veldig spanande prosjekt der eg har lært enormt mykje. Ein stor del av arbeidet har vore knytta til å finne gode måtar å kunne laga så mange instrument på ein gong, samtidig som ein skal oppretthalde ein god kvalitet både reint handtverksmessig og akustisk!

Sjølv om eg arbeidar med moderne verktøy, er det det meir tradisjonelle handverket som viser igjen på slutten.

Ein vanleg teknikk når ein arbeidar med både plater og finish, er å sette lys på for å avsløre små ujamheiter i platene.

Fakset på det tradisjonelle løvehovudet blir skore ut med eit såkalla geitefot-jern.

Noko av det vanskelegaste med ei hardingfele, er å skjære fine lydhol med flotte og spenstige linjer. Dette arbeidet blir gjort med ein veldig skarp og tynn kniv og litt med forskjellige filer.

Intersia-arbeidet på ei hardingfele er normalt veldig tidkrevjande. Her er både både brett/haldar og bitar som skal fellast inn, frest ut med CNC-fresen min. Noko som lettar arbeidet, og som gjer ein enormt god presisjon og finish. Til alle felene som blir laga no, har CNC-maskina laga ca 1000 små bitar av perlemor, bein og messing, som blir limt inn i bretta.

No er alle felene preparerte og 10 av 17 er ferdig rosa og klare for lakkering med spritlakk.

Eg har vore så heldig å få ein god kollega, Ottar Kåsa i Bø, til å rose 5 av dei for meg. Han er særs dyktig til å rose.

Men no har felerosinga fått eit litt meir kortreist preg. Kona mi Inger Enes Gjerde er frå før veldig stødig med pennen og har studert bøker og lært av felerosing. No har ho rett og slett teke seg av rosinga på dei resterande felene, til mi store glede!

Alle felene får eit eige mønster, og får dermed eit eige særpreg.

Rosing av botnen på to 1/2 feler av henholdsvis lønn og Svartor.

Rosing på sargen.

Rosinga blir gjort med ein vannbasert tusj og med litt forskjellige tjukkelsar. Den tynnaste er 0,05 mm og gjev moglegheit for detaljrikdom i rosene.

Ofte blir det laga ei litt ekstra staselig rose framfor der stolen står på lokket.

På den akustiske sida blir det svært spanande å sjå korleis forskjellige materialar og litt forskjellige tjukkelser slår ut. Eg har bevisst variert litt på nokon områder, og gjort mykje notatar, som kan gje meg ein del verdifull informasjon for framtida, forhåpentlig til glede for framtidige felekjøparar :-)


Utvalgt innlegg
Siste innlegg
Arkiv
Søk etter tags
Ingen tagger enda.
Følg oss
  • Facebook Basic Square
  • Twitter Basic Square
  • Google+ Basic Square
Telefon

+47 97182835

E-post
Opningstider

Heile døgnet

© 2018 by felemakarfrue

This site was designed with the
.com
website builder. Create your website today.
Start Now